Magnus Osnes

bokdesign—illustrasjon—foto

Lys og skugge over vatn, Frostviken 2021.

Eg er ein grafisk designar, fotograf og illustratør, som i over ti år har virka som formgjevar av kvalitets bok- og magasindesign. Arbeidet mitt famnar alt i frå å formgje bokomslag til heile bokdesign, frå ombrekk av bøker til lydbokomslag, frå teikning av illustrasjonar til å formgje heile tidsskriftskonsept. Eigne teikningar og fotografiar nyttar eg jamleg for å få det rette uttrykket. Varige designkonsept, godt handverk, solid typografi er viktig for meg og dei er berebjelkar i alt eg gjer, samstundes medan eg let meg inspirere av landskap, skog, plantar, poesi, tradisjonelt handverk og klassisk typografi.

Haugeomslaget
Bokdesign: Søndagsboken, Jostein Ørum. Verbum 2023.

Har du eit prosjekt i emning, eller noko du vil ha fått formgjeve? Høyr gjerne i frå deg! Opp igjennom tida har eg jobba med forskjellege kundar, som til dømes Samlaget, Universitetsforlaget, Gyldendal, Verbum og Bibelselskapet, Vårt Land forlag og Areopagos. Eg held til på landlege Toten, men tek sjølvsagt oppdrag frå kor det måtte vere.

Byge på veg
Illustrasjon: Byge på veg, 2023.

Sjå fleire arbeider i portefølja mi på Behance. Her finn du ei samling utvalde prosjekt som eg har utforma, av både nyare og eldre dato.

Kloppar Gredd gras
Foto: Kloppar, Masåamyran 2023 og Gredd gras, Kolbu 2023.